Flau bris eller stormfull mare?

Dei sa dei andre sveik landet
Før dei sveik landet

Dei sa dei andre truga demokratiet
Før dei storma det

Dei laug, lo, hata og truga med
Kvar gong leiaren som sa han såg dei
Laug, lo, hata og truga

Dei har ei sterk tru
På ei djup historie

Mangelfull på moral
Og på fakta

Men som let dei kjenne seg
Sterke og ovanpå

Den djupe historia brest
Og dei synest
At nokre andre snik i køa
Og hindrar dei i å nå
Den amerikanske draumen

Den draumen dei er lova
Ein draum som
Ja, kva draum er det eigentleg?

Dei som sei dei drøymer stort
Ja, størst, aller størst
Og best

Vil oftast tilbake til ei tid
Den beste tida
Til glansdagane

Og der vil dei vere
Evig
Reint
Heilt
Fullt

Utan nokon som lagar problem
Utan nokon som uroar draumen
Utan nokon som utfordrar
Og påpeikar
Og krev
Og unekteleg har noko rett

Raud caps laga i
China, China, China
Dei fryktar mest ikkje ytre fiendar lenger
Dei fryktar indre fiendar
Akademikarar
Gruppe x, z og y
Og naboen
Sjølv om han verkar grei nok

Alle dei som dei trur har to andlet
Og hevdar at talar med to tunger
Som heilt sikkert avskyr dei
Slik dei avskyr dei

Det er jo dei andre som har kuppa
Media, vitskap, lov og rett

Dei er spesielt avskyelege
Dei som vil ha likskap
Noko flatt framfor eit bratt hierarki
Der dei utvalde dei har lært om
I den djupe historia
I alle fall står nær toppen

Dei har ikkje tillit til det flate
For dei lir allereie
Sjølv om dei er lova å klare seg godt
Om dei berre står på i arbeid
Og ber, helst i kyrkja, kvar søndag

Dei nektar ofte for, men veit inst inne
At det har vore verre for mange før
Og at nokre har det verre no

Dei trur ikkje det kan bli heilt bra for alle
Den amerikanske draumen lova kan hende ikkje det
Dei treng likevel framleis
Å drøyme den

Sjølv om det
Kan hende
At han
All tid
Berre var ein ussel draum
Ei mare

Biletet er ein skjermdump frå NRK.no.