Ikkje ein disrupsjon vi ønska oss

Du som les dette er antakeleg saman med dine aller næraste, heilt aleine, eller har eit lite avbrekk frå innsats du gjer som del av nokre få som står ekstra på for oss mange medan koronaviruset herjar.

Du som les dette kan det vesle språket norsk og målforma nynorsk. Du har sannsynlegvis same nasjonalitet som meg. Vi har ein del til felles sjølv om vi nok er heilt framande for kvarandre. 

Estimat antek at det er fleire mennesker i live på planeten i dag enn det har vore mennesker som har levd og døydd før oss til saman. Og vi er tett samanknytte. I 2015 kjøpte eg domenet onewe.global – eitt vi, globalt – fordi eg veit at det er slik vi er og bør tenkje. Men eg kjenner ofte på at det er eit litt kleint og klisjeaktig nettstadnamn likevel.

Pandemiar spreidde seg raskt langt og katastrofalt for fleire århundre sidan og. Men no er høva for spreiing rigga så enda raskare spreiing skjer. Vi kan heldigvis fort oppdage farer og gjere tiltak for å forebygge og stanse dei. Med samarbeid og kunnskapsdeling som ikkje blir hemma av grenser mellom oss. Med kultur, system og rutinar for å prioritere aktiv og ansvarleg handtering av varsko om fare. 

I desse dagar som vi tel bekrefta smitta, estimerer antatt smitta og tek farvel med dei som mistar livet til viruset, så har mange av oss ganske sakte og annleis dagar med tid til å tenke på mangt. Kva skjedde, og burde og kunne vi førebygd det?

Eg skriv dette då eg håpar vi vil tenke meir på ansvaret vi alle har for å redusere risiko og liding for realitetar som kan lide. Realitetar som kan lide er mennesker, dyr, natur og økosystema vi alle er avhengige av. 

Eg skriv for å minne oss på å skilje mellom slike realitetar og fiksjonar som vi menneske har skapt. Fiksjonane er ofte så tett vovne saman med ulike realitetar at vi kanskje gløymer at dei ikkje er realitetar som kan kan lide. Om verksemda di går konkurs eller få trur på religionen din, så vil i alle fall ikkje verksemda eller religionen lide. Dei kan begge gjenoppstå i morgon, i motsetning til menneske, dyr og plantar. Nokre realitetar har det mogeleg til og med betre utan dei. Vi må sørgje for at fiksjonane vi skaper gjer godt for realitetar.

Lat oss håpe vi har sikra finmaska og sterke sikringsnett nok til å ta imot alle som brått fell ut av kjende kvardagar, sysler, verksemder og inntektskjelder. Lat oss og håpe at sikringsnetta har spenst og styrke til å gje oss løft til å att ta fatt på endring, omstilling, nye normer, rutinar, verksemder og historier å bygge gode liv ved hjelp av. Tekonolgisk disrupsjon krev det same av oss, berre på ein langt meir velkomen måte.

Eg spår at vi kan og vil bygge nye og endå betre verksemder, samfunn og liv snart. Jo meir vi som kan held avstand til kvarandre i ein periode, jo fortare kan vi bygge opp att både det eine og det andre saman. Men vi vil neppe bygge alt opp att akkurat som det var. 

Det einaste konstante er endring, vert det sagt at ein grekar ved namn Heraklit sa ein gong for lenge sidan. Det er rett i alle perspektiv eg klarar å innta, inkludert eit biologisk perspektiv. Unntaket frå regelen er mogeleg, som regelen om unntak frå reglar seier, eitt; kjærleiken til barna våre. Den verkar å vere konstant sterk.

Vi mennesker blei dominerande på planeten fordi vi har vilje og evne til å fantasere. Frå vi for nokre titusen år sidan var like ubetydelege for planeten og anna liv på han som det hakkespettar, manetar og apar var, har vi utvikla språk og historier som har gjort oss i stand til å samarbeide med kvarandre i store antal. Vi søkjer rastlaust å endre og betre oss sjølve og mykje rundt oss. Innovere, effektivisere, kommunisere. Gjere felles. Strekke og utvide fellesskap frå familiegrupper til stammar, til nasjonar og unionar. Til globale fellesskap vi lett kan reise rundt og feriere og gjere forretningar i.

Vi samarbeidar komplekst mot mange ulike mål. Og vi gjer det ofte utan at vi tenkjer over det så mykje som eg trur vi bør. Då er det bra det er lett å få auge på at vi rår over mykje liv på planeten og vårt felles livsgrunnlag om vi først kikar oss godt rundt. 

I dag er prioriteringar, vanar og rutinar snudd på hovudet for mange. Nokre tek omstillinga fort, medan andre slit meir, har vondt i viljen eller vanskeleg for det i evna. Og medan vi er ulike grader av usamde og samde om kva vi bør gjere, så kan vi i alle fall vere samde om at det meste vi vel å gjere eller vel bort å gjere, ofte kan ha større konsekvensar enn vi er medvetne.

Om ikkje nokre menneske åt ville flaggermus, så hadde sannsynlegvis ikkje barriera mellom verken flaggermus, ebola-, SARS-, MERS- eller covid-19-viruset og oss mennesker vorte broten.* Dette er etterpåklokskap, ja. Men det er ein klokskap som kan og bør nyttast til å redusere risiko for liding for realitetar som mennesker. Etterpå noko bør vi vidareutvikle vilje og evne til å vere føre vare. Men mange har fortsett å ete flaggermus lenge etter både SARS-, MERS- og ebola. I Harvest er det ein god og open tilgjengeleg artikkel om dette.

Etterpåklokskap må vi bruke til å utvikle sterkare vilje og evne til å vere føre vare.

Vi må og søkje å redusere liding så mykje vi kan for dyr og natur som kan lide. Dyrevelferd og hygiene, sunn forvaltning og bevaring av ville dyr og natur – alt slikt er det viktig at vi forstår og samlar sterk oppslutning om og handling for. 

Eg kjenner på at eg nok kunne gjort meir enn å signere underskriftskampanjar mot brot på dyrevelferd og sunn hygiene på marknadar der alle slags dyr blir slakta på gata. Unødig lidingsfull og uhygienisk «gateslakt» skjer i mange land, for eksempel når muslimar feirar eid og skjer strupa over på store og små dyr vi er samde om å kategorisere som fe. Som husdyr. Våre mennesker sine fe som vi formar gjennom våre syn på dei og avl. Vi gjev dei så og seie liv, kontrollerer liva deira, og endar livet for dei.

Kosher- og halalslakt utan bedøving blir utført på ein gamaldags måte som nok var ansett som god dyrevelferd ein gong, men som er langt frå rekna som skånsame metodar i dag som vi har boltepistolar. Det blir utført av ukyndige og. Ein lege eg kjenner i eit anna land, skar seg kraftig i venstrehanda då han kjempa for å ta livet av ein stakkar sau på slikt vis. Ja, legen syntes det var fælt. Men han gjorde som det var forventa at han skulle gjere. Av han sjølv og andre.

Når vi veit mykje betre må vi gjere deretter. Eg rosemålar ikkje all norsk slaktepraksis, men dyrevelferdslova og kontinuerlege søk etter nye, betre og meir skånsame og hygieniske metodar for å gjere dyreliv om til menneskemat er veldig rett og viktig. 

Kina skal ha forbode desse såkalla «våte og ville» marknadane no. Ein del synest nok det er autoritært og urett. Spesielt om dei er fattige spesialistar på flaggermusfangst. Lat oss håpe dei får naudsyn hjelp til opplysning om risiko og omstilling til anna og betre levebrød eller sosial hjelp. 

Elles håpar eg folk vil nytte noko saktare tid til å gjere seg kjende med standardar og metodar som FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar frå 2011. Alle verksemder, små som store, har sjølvstendig ansvar for å vite om kva verknad dei direkte og indirekte har på menneskerettar, og å søke å forebygge, oppdage, stanse, dempe og rette opp brot. Frankrike har gjort dette obligatorisk for store verksemder ved ei lov i 2017. Det arbeidast for å gjere dette obligatorisk i Noreg, fleire andre jurisdiksjonar, og i EU.

Verksemder har ansvar for å respektere, medan statar har plikt til å verne menneskerettar.

FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (2011)

Metodikken og tankesettet i FN-prinsippa ansvarleggjer og rustar alle betre til å stille krav og utføre forsvarlege aktsemdsvurderingar er nyttig med tanke på å verne miljøet og dyr og.

Her heime er det ei anna sak eg engasjerer meg spesielt for. Eg vil at alle barn skal få eit likeverdig vern mot omskjering. Vi veit godt kva type risikoar og diskriminerande rettigheitsbrot vi utset gutar for i Noreg. Vi har ingen å miste. Eg har sett at vi har mista fleire til dette. Eg kjenner mange råka klagarar. Mange. Eg kjenner sterkt at eg må gjere det eg kan for at alle skal ha alle menneskerettar og rett til eigen kropp og tru. Etikar Brian D. Earp oppsummerer kort nokre store og alvorlege feilskjer WHO gjer i denn korte videoen i dag:

WHO og mange med dei, feilar i både grunnleggande begrepsavklaring, barne-, menneskerettar og medisinsk etikk. Les og denne om alvorlege konsekvansar i afrikanske land. Og møt mange råka klagarar på VMMC Experience Project.

Om du har lese heilt ned hit, vil eg tilrå min favoritt innan historieforteljing, Yuval Noah Harari, sine tre bøker «Sapiens, ei kort historie om menneskeheita», «Homo Deus, ei kort historie om i morgon», og «21 tankar for det 21. århundre». Du finn dei og som lydbøker på bokmål, engelsk og mange andre språk. Eg inntek helst bøker slik, og spår at fleire vil innta bøker slik i desse dagar då vi helst skal halde oss heime.  

2020 krasjkursar og stresstestar oss i å gjere om på historier om kven vi er og kva våre mange ulike verksemder og samfunn i verda kan og bør vere.

Ein pandemi er ikkje ein disrupsjon vi drøymer om og håpar på. Men vi bør nytte høvet til å ta viktige standpunkt og fantasere vidare for å betre oss. Så eg avsluttar med å spørje: Kva rolle vil du at du og andre skal spele? 

Eg håpar vi vil at alle menneske skal bli tildelt verdige roller, og at vi vil stå saman om sterke normer som sikrar likeverd og menneskerettar i samfunn som sørgjer for jamn fordeling av ressursar og makt samstundes som vi lever i ei takt som sikrar sunne økosystem. Vi skal klare det saman om mange nok vil. 

Vil «flaggermuseffekten» tene oss som tankeøving lik den «sommarfugleffekten«? Eg har visst valt eit bilete av ein sommarfugl i profilen til den lille verksemda mi med tanken på denne effekten i bakhovudet. Men eg får ikkje halde forelesningar eller workshops anna enn online med det første. Photo by Peter Neumann on Unsplash.

* Kjelda kan og vere utrydningtruga pangolin, som vi heller ikkje bør ete.