Kom, så skal vi skjere deg litt om

Om vi
tek bort,
berre litt,
av denne eine
tanken din.

Berre litt,
her,
ytst ute,
så blir trua di
i tråd
med forestillinga
om universelle
menneskerettar.

Vi treng ingen skalpell,
og du vil ikkje li
noko smerte
eller risiko
om ho blir skjert om litt.

Tankane dine vil
vere fri,
og kroppen din trygg
om vi kollektivt
forestiller oss
og praktiserer
menneskerettane
heilt og fullt
for alle
og einkvar,
for liten
og stor.

Då,
og berre då,
får vi realisert
universelle,
umistelege
og udelelege
menneskerettar.

Ei forestilling
vi treng
å praktisere,
respektere
og beskytte
om vi ønskar
likeverd,
likestilling,
og at vi alle
skal vernast likt
av lova.

Eg lovar å ikkje
skjere bort anna
enn trua di på
at det er greitt
at vaksne
kan skjere i
friske born
for å tilpasse borna
sine kroppar
til nokre vaksne
sine forestillingar.

Vi er ikkje frie,
og ikkje trygge,
før alle er det.
Er vi?

  • 5
  •  
  •  
  •  
  •  
    5
    Shares