Korleis ser framtida til nynorsken ut? Og har dette noko med menneskerettar å gjere?

Eg var så heldig å bli valt til delegat frå Bergen SV til det som vart Hordaland SV sitt siste, og Vestland SV sitt første, årsmøte i helga som var. Enda kjekkare var det at det var semje om fråsegna mi, Fråsegn K VERN AV MENNESKERETTAR, FOLKERETTEN OG ØKOSYSTEMET VI TRENG, om at Vestland SV vil arbeide for at Vestland og skal utvikle ein «Fylkeskommunal handlingsplan for oppfølging av FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar» og oppmode verksemdene i fylket til å ta det same ansvaret.

Om fleire parti sluttar opp om dette, vil Noregs nasjonale handlingsplan for det same, «takast ned» til fylkeskommunen si toppleiing, deira retningslinjer og deretter til iverksetjing av rutiner, investering i ressursar og insentiv som kan gjere fylkeskommuna i stand til å vite om sin innverknad på menneskerettar, og kunne verne dei mykje betre. Det er avgjerande at toppleiinga i alle verksemder tek sjølvtendig eigarskap for dette, samtidig som ein samarbeidar godt med andre om det.

Bystyret i Bergen har gjort vedtak om liknande. Det er framifrå og ansvarleg, men eg ser forbetringspotensial.

Det byrjar med orda. Og så kjem handlingane. Men orda er ikkje alltid like enkle å velje eller forstå. Eg måtte levere endringsforslag til mi eiga fråsegn for å få nynorsken og ordlyden nokonlunde god: Endringsforslag Fråsegn.

Eg lærte i hovudsak om desse FN-prinsippa på engelsk då eg tok eit masterkurs i Business & Human Rights ved Universitetet i Bergen i fjor. Å finne orda på norsk sjølv, på bokmål, var ikke berre beint fram. Det er heller ikkje beint fram å finne orda for dette på nynorsk, og eg håpar det er rett at eg skriv FNs rettleiande i staden for FNs veiledende prinsipp, som det heiter på bokmål. Vegleiande er nemleg ikkje eit ord, i følgje denne ordboka. Når eg tenkjer meg om, så synes eg rettleiande er eit ypparleg ord, då prinsippa sjølvsagt handlar om kva som er rett.

Då Hordaland og Sogn og Fjordane var historie, så skulle Vestland SV bli til. Det var nokre som hadde mest lyst til å halde eit stiftelsesmøte eller eit stiftingsmøte. Men etter heite og flotte innlegg frå gode nynorskfolk, så vart Vestland SV skipa. Det var sterkt.

Dette kan bli eit flott løft for nynorsken. Og det trengs. Men det er sjølvsagt nedsider ved dette og. For eksempel kan det bli vanskelegare for nordmenn som ikkje har norsk som morsmål, å skulle lære både bokmål og nynorsk. Sjølv mange som har norsk som morsmål klagar fælt over at dei må lære nynorsk i skulen. Ein kan spørje seg om det er usolidarisk å ville halde på nynorsken av omsyn til desse?

Eg har for vane å skrive på bokmål då eg tilpassar meg mine «målgrupper». Eg skriv nok oftare på engelsk enn på nynorsk og. Men eg vaks opp på Nordfjordeid, ei sterk nynorskkommune, og var flink i nynorsk då. Men kva skjer om eg brukar nynorsk meir? Vil eg nå betre eller dårlegare fram til folk med det eg har på hjartet?

At nynorsken er vakker og ven, og kan uttrykkje mangt betre og sterkare enn bokmål ofte kan, det er sikkert. Eg vonar å verne denne språklege kulturskatten ved å bruke han mykje meir framover. Eg håpar fleire blir med på det – og ikkje minst at vi saman skal få verna menneskerettar endå betre – på alle språk og målføre. Ei av tilrådingane for å lukkast med dette arbeidet er nemleg å kommunisere med råka grupper på morsmålet deira.

  • 2
    Shares