Når du skjer eit barn om

Då skjer du om universelle, umistelege og udelelege menneskerettar. Då skjer du om barnekonvensjonen og medisinsk etikk. Og likeverd, likestilling og likskap ovanfor lova. Du skjer om grunnleggjande prinsipp for rettsstaten og balansen av fridom og tryggleik for individa i samfunnet vårt.

Alle statar har plikt til å verne menneskerettane. Og barna våre skal vernast aller sterkast. Alle barna våre. Alle barn eig kroppen sin.

Når du skjer eit barn om, då gjer du irreversibel skade og endring på eit barn sin kropp. Du endrar ikke berre form. Du endrar funksjon, evne til kjensle og beskyttelse. Og ikkje berre på barnet, men på grunnleggande prinsipp i samfunnet, nemleg menneskerettane og rettsstaten, som skal behandle alle likt.

Det viktige vi
At rituell omskjering er tillete påverkar og oppfatninga i samfunnet om kor grensa går for kva ein kan gjere mot barn og andre. Kva skjer om dei same grunnleggjande rettane ikkje gjeld for alle barn? Vil ikkje ei slik oppfatting undergrave tryggleiken for barn, individ og minoritetar? Vil ikkje ei slik oppfatting skapa avstand og usikkerheit i samfunnet? Kan ikkje ei slik oppfatting føre til det farlegaste som finst – at det kjennest ut som det ikkje er vi, men «oss og dei»? Kan ikkje vegen då leie til ei oppfatting av at det i verste fall er «oss mot dei»? Destruktiv gruppetenking har skjedd og ført til den største urett i Noreg før. Og debatten om sosial kontroll og rasisme gjeng – eller rasar – jevnt og trutt her i dag og.

Du utset barn for risiko og smerte
Der og då, i vekene etterpå, og til og med gjennom framtidige spørsmål og kjensler som kan være vonde å bearbeide for det eldre barnet og mannen han skal bli. Ein som er skjert om som barn kan vekse opp og tru at smerte, problem og ubehag han eller ho har, er normale å ha, slik James Ketter fortel om. Han trudde alle hadde dei. Det er lett å forstå at han trudde det. Og omskjering av gutar har teke mange liv. Dødsfall årsaka av omskjering som er registrerte i offentlig tilgjengelege register er berre eit fåtal av dei friske gutane vi har mista.

Sosial kontroll
Når du tillet omskjering av (nokre) barn, då vel du at vaksne har rett til å gjere irreversible endringar i form, funksjon og evne til kjensle på ein annan person sin friske kropp utan personens samtykke – dersom personen er slik er slik. Du vel bort grunnleggande prinsipp som skal gje alle individ lik rett til fridom og tryggleik. Til rettsikkerheit. «Omskjæring er en forbrytelse.» og «hverken religion, kultur eller familiefølelse sitter i forhuden.» , fortel Svend Ravn som blei skjert om som baby.

Ofra for mannleg omskjering blir oversett av mange
Det blir vitskapelege fakta om mannleg anatomi og funksjon og. Fare for forstyrring av tilknytinga mellom foreldre og barn, samt for traumer, PTSD og endringar i det nevrologiske system er og til stades.

Vaksne sine forestillingar som er uforenlege med menneskerettane kan skjerast om
Omskjeringsforkjemparar set nokon vaksne sine forestillingar over individ sine grunnleggande rettar til å bestemme over eigen kropp. Omskjering er ein irreversibel form for sosial kontroll. Ei merking for livet. Det hjelp ikkje å pakke konseptet inn i fest og stas og store ord. Faktum er at forhuda til eit friskt barn blir amputert, altså eit brot på rettane til barnet. Ein rett alle andre norske individ enn gutar har fått ekstra godt vern av gjennom lov.

Kva trugar kultur og religion?
Fest og markering av tilhørigheit er ikkje truga av at barn får behalde kjønnsorgana sine intakte. Strenge og snevre miljø derimot, dei trugar sin eigen eksistens om dei ikkje endrar seg og er forenlege med menneskerettane. Menneske og kultur er heile tida i endring. Endring er det einaste konstante. Brit Shalom, ei jødisk markering utan omskjering blir stadig meir populær.

Folkevalde, dette står og fell på dykk
Så og seie alle andre som arbeidar med å fremje god helse og vern av barn har gjort ein solid innsats for gutane. Kostnaden ved å feile i å verne gutar sine rettar er mykje høgare enn dei estimerte 8-12 millionar helsekronene som er øyremerka til forhudsamputasjon på friske barn:

Er vi ikkje like og likeverdige i samfunnet og overfor lova likevel?

Kunne helsekronene og kirurgane våre blitt brukte til å gjere fleire sjuke barn friske i staden for at friske barn blir gjort til pasientar? Må vi ikkje prioritere bruken av helsekronene og kirurgane våre hardt?

Vi må slutte å skjere om friske barn og grunnleggande prinsipp for rettsstaten vår
Gutebarn døyr regelmessig forårsaka av omskjæring, og mange menn klagar over at dei har blitt frårøva forhuda og rettane sine. Mange held klagen sin for seg sjølv eller fortel det berre til nokre få dei stolar på då dei vil unngå å kunne bli stigmatiserte som offer. I kampen mot omskjering av jenter har nemleg mange hevda at omskjerte kvinner er «øydelagde for livet». Dei som hevdar dette skjer alle over ein kam og hevdar heldigvis noko det ikkje er hald i.

Nokre døyr på grunn av kvinneleg omskjæring. Nokre får livskvaliteten alvorleg redusert. Men alle og einkvar blir ikkje «øydelagte for livet». Safia Abdi Haase beskriver dette kort her. Mange omskjerte kvinner er nøgde og skjer stolte sine døtre om. Om alle blei øydelagde for livet av omskjering, då hadde naturleg nok praksisen døydd ut.

Vi er fødde med like rettar. Er vi ikkje?
Menneskerettar, etikk, lover, likeverd og slikt er berre kollektive forestillingar. Dei er ikkje biologiske fakta. Styrken deira avheng av om vi praktiserer dei fullt og heilt utan å diskrimere.

Det er på høg tid at myndighetene gjer aktsemdsvurderingar og lyttar til klagemål frå ofre for omskjering, barneombud, barnemedisinsk ekspertise og menneskerettisvernarar. Alle gutar må bli verne på lik linje med alle andre.

Omskjering av forestillingane våre
Vi må heile tida gå forestillingane våre etter i saumane og kontinuerleg forbetre dei. Om ein vaksen si forestilling krev at delar av kroppen til eit friskt barn må skjerast om, må vi ikkje vere redde for å be den vaksne skjere forestillinga si om i staden for.

Næringsliv og omskjering
Omskjering er ein del av nokon sitt yrke, og brukar produkt som er produsert og omsett med profitt av næringslivsaktørar. Undersøker norske bedrifter og helseforetak dette om og når dei gjer innkjøp og aktsemdsvurderingar?

Vi er født med like rettigheter
Er vi fødde med like rettar. Eller ikkje?
  •  
  •  
  •  
  •  
  •