Prioritering av risiko for urett og diskriminering

Diskrimineringsnemda har konkludert med at Bergen kommune ved Bergenhus barnevernsteneste har brote likestillings- og diskrimineringslova som følgje av diskriminering på grunn av etnisitet etter undersøkingar grunna bekymring for at ei jente skal ha blitt omskåren.

Eg slit med å forstå kva som var gale og diskriminerande mot jenta med tanke på etnisiteten henna. Noko om at ulike steg i prosessen med samtalar og undersøkingar kunne vore handtert annleis, er oppgjeve. Men at personell ved to ulike barnehagar med gode grunnar har varsla om bekymring for jenta, det er det ikkje tvil om, oppfattar eg. Og då har vi plikt til å følgje opp. Det verkar det som det er semje om. Men kva er det då som eigentleg er diskriminerande med tanke på etnisitet her?

Den første bekymringa vart varsla då barnehagepersonell meinte jenta såg annleis ut enn dei andre jentene. Den andre bekymringa kom etter eit utsagn frå jenta om at «far hennar hadde skore ho med skei», og den bekymringa kom frå ein annan barnehage.

Å skjere nokon med skei høyrest vanskeleg ut. Men nokre former for omskjering av jenter går ut på å knipe og «knuse» innsida av ytre del av klitoris, ved bruk av tang eller noko anna. «Khatna» kallast det, og nyleg vart tre dømde for det i Australia.

At jenta vart undersøkt ein andre gong etter at ho sa at far hadde skore ho med ei skei er ikkje rart, men ei plikt, meiner eg. For skulle nokon ha stansa undersøkingane av di familien kjende seg diskriminerte med tanke på etnisiteten deira? Ville ikkje det potensielt kunne vore diskriminerande med tanke på jenta? Ho kunne jo ha blitt omskoren. Diskrimineringsnemda skriv at familien har bakgrunn frå eit samfunn der rundt 98% av jentene blir omskorne. Det gjev ein auka risiko for at dei kan ha slike sosiale normer samanlikna med familiar som ikkje har tilhøyre til kulturar der slike praksisar er vanlege. I Sverige er det estimert at 40 000 kvinner, deriblant 7000 jenter, er kjønnslemlesta.

At ho ikkje skal ha vorte omskoren er ei lette. At det kun er funne eitt tvilstilfelle etter 120 undersøkingar av jenter etter mistanke om at dei kan ha vorte utsette for omskjering gjennom ein periode på ni år, er godt. At familien har kjent mykje vondt i denne tida er forståeleg. Eg håpar at jenta ikkje har tenkt så mykje på det som foreldrene sikkert har.

Vi skal lytte til barn og ta dei alvorleg, spesielt når dei fortel oss noko vanskeleg vi helst ikkje vil høyre. Det har eg nyleg blitt minna om på eit foredrag om seksuelle overgrep som vart halde av Trond Berge Høvik i SMISO hos IL Bjarg.

Kva om konklusjonen frå diskrimineringsnemnda gjer at nokon ikkje tør å varsle om eller handtere slike saker av frykt for mistenkeleggjering om at dei er diskiminerande menneske på jakt? Inneber ikkje slik frykt ein auka risiko for ein større diskriminerande urett, nemleg kjønnslemlesting av barn?

Omskorne meiner ofte at omskjeringa har vore bra for dei, kjenner ikkje til anna, og vil gjere det dei trur er best også for sine barn. Kampen mot kjønnslemlesting er naturlegvis óg ofte aller sterkast blant dei som nettopp har levd i samfunn der omskjering er norma, og er råka sjølv. Far til denne jenta understrekar nettopp at han er sterkt imot kjønnslemlesting. Men at risikoen for kjønnslemlesting er høgare blant familiar som har eller har hatt eit tilhøyre til samfunn kor kjønnslemlesting av barn er utbreidd, er berre slik det dessverre er. Det er ikkje ondsinna og rasistisk å ta slikt med i vurderinga i ei slik sak.

Innsats må ofte prioriterast nokon lunde etter sannsyn for risiko. Dessverre kan det gjere at nokon tenkjer hyppigare i slike baner om ein familie enn ein annan, og det kan rett som det er gjere nokon urett. Men om vi let terskelen for å varsle om bekymring for nokre barn vere høgare enn terskelen for å varsle om bekymring for nokre andre barn, då er det potensielt mogeleg å gjere barn ein enda større urett. For eksempel kan det vere lettare å oversjå at eit barn sine rike foreldre i gode stillingar har alvorlege rusproblem, driv med seksuelle overgrep eller vald, medan ein ofte raskare tenkjer i dei baner om eit barn i ein fattig familie med ein arbeidslaus aleineforelder. Fordommar, stereotypiar, diskriminering og urett fins dessverre. Men vi kan ikkje la frykt for slike feiltrinn risikere å la grovare urett som omskjering, omsorgssvikt eller vald mot barn passere.

Eg håpar det er nokre praksisar og rutinar som kan betrast for å unngå at familiar og spesielt barn opplever undersøkinga så negativt som familien oppgjev at dei og andre har gjort. Det kan det godt hende det er. Men med dei oppgjevne årsakene til to varsel og undersøkingar i denne saka, så synes eg det er forståeleg at ho vart undersøkt.

Eg er redd for at vi kan begynne å kvi oss for å bry oss endå meir enn vi sikkert allereie kvir oss for å gjere noko etter konklusjonen til diskrimineringsnemnda. At vi undersøkjer slike saker er veldig viktig for dei råka borna. I tillegg verkar ordentleg handtering av slike bekymringsmeldingar førebyggjande mot kjønnslemlesting. Vi må jo undersøke bekymringsmeldingar og handheve lover.

Direktør i etat for barn og familie i Bergen kommune skriv at dei følgde nasjonale retningslinjer når det gjeld avdekking av og oppfølging av jenter som kan vere utsett for kjønnslemlesting. Eg meiner dei bør bringe saka inn for sivilombodsmannen då vi om mogeleg bør får vite akkurat kva som var diskriminerande med tanke på etnisitet, slik at vi ikkje skal kvi oss endå meir for å varsle bekymring om og undersøke slike saker. For når ei jente sei at nokon har skore ho med skei, og at det kom blod, då meiner eg det er naudsynt at ei undersøking av jenta blir gjort for at vi skal kunne vere heilt sikre på at ho ikkje har blitt kjønnslemlesta eller noko anna.

Elles synes eg det er kritikkverdig at jenta er identifiserbar for folk som har relasjon til familien. Jenta risikerer av den grunn å bli kjend og potensielt få uønska merksemd fordi det har stått i avisa at ho såg litt annleis ut enn dei andre jentene i barnehagen.

Difor vil eg avslutte med å skrive at vi ser ulike ut i underlivet, alle saman. Og så må vi sørgje både for at både jenter, gutar og intersex-barn får rett til å behalde dei friske kjønnsorgana sine heilt intakte, og at vi samstundes gjer alt vi kan for at nokon ikkje skal bli utsett for stygg og reell diskriminering. Vi skal klare å gjere begge delar, og vi treng å styrke tilliten til kvarandre og til barnevernet.


Samstundes blir det ytra ønsker frå Islamsk Råd Noreg om at det bør etablerast eigne barnevernsinstitusjonar for barn av muslimar. Eg blir veldig uroa over det som verkar som auka segregering og fragmentering mellom mennesker i samfunnet. Vi må ikkje ende med å tenke på _oss og dei_ – med ulike rettar, ansvar og plikter. Vi må vere _oss_ – likeverdige mennesker med like rettar, ansvar og plikter – som fremjer og tek vare på likeverdet, fridomen og tryggleiken til kvar og ein av oss.

Oppdatering: Her er det anonymiserte, offentliggjorte vedtaket frå Diskrimineringsnemda, og eit utdrag fra det.