Skjøn og grøn sekstimarsdag

BA.no har publisert denne saken.

Tidsklemme. Dårleg samvit fordi vi må køyre hit og dit, om att, og om att att. Vi må skunde oss. Til barnehagen. Til skulen. Til jobb. Heim. Til treningssenteret. Avgarde for å hjelpe dei gamle. Til å rekke ei økt med yoga. Til verv. Til å delta i demokratiet. Til å hastekjøpe nok ei skjorte sidan ein ligg etter med klesvasken igjen, og har eit viktig møte. Alt helst utan å setje ureine fotspor. Vi må jo skunde oss å redde planeten vi bur på. Vi må redde økosystemet vi er avhengige av.

Vi må finne tid i kvardagen til å klare å gjennomføre grøne val og endringar i livsstil og vanar. Døgeret har berre 24 timar til kvar av oss. Vi er vane med at vi bør sove i åtte, arbeide i åtte, og nytte dei siste åtte til uhorveleg mykje anna, spesielt om vi har barn. Men vi ikkje jobbe i åtte.

Vi drøymer om betre tid. Vi drøymer om å trene, gå og sykle. Tid til å vere avslappa i lag med barna. Le med dei, lytte til dei, og lese til dei. Stille opp for dei på areanaer for idrett og kultur. Ta dei med ut i vår vakre natur. Trøyste, om ein av dei er sur.

Maskiner tek stadig over fleire arbeidsoppgåver frå oss. Dei er effektive, rimelege, uthaldande og treffsikre. Dei kan arbeide heile døgeret, heile året. Noreg er på fleire område leiande innan å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Våre seirar innan mange, lange kampar for verdige arbeidsforhold og løner til å leve av er ein effektiv drivar for teknologiutvikling, automatisering og digitalisering. Å fordele ressursar jamt og betale kvarandre anstendig er ikkje berre etisk rett, men har klare og store gevinstar innan innovasjon som vi ikkje må gløyme. Det er lettare å bli rik i Noreg enn i USA. Den amerikanske draumen er for mange eit mareritt.

Eit sikringsnett som tek oss i mot om vi fell, og helst freistar å løfte oss til nye høgder, er godt for både mennesker, omstillingsevna og økonomien vår. Vi treng sterkare, spenstigare og meir finmaska sikringsnett. Meir velferd, meir tryggleik og meir fridom som vi kan nytte til å satse når vi må, og til å bidra med det vi kan når vi kan det.

Er vi budde nok på store og små endringar gjennom arbeidslivet? Det kan hende at du som les dette ofte spør deg sjølv om alt du gjer på jobb eigentleg er så meiningsfullt eller effektivt. Du veit kanskje allereie at ei maskin eller ein algoritme kan overta oppgåva di. Ein skomakar kan ikkje alltid bli ved sin lest. Difor treng vi meir velferd, valfridom, tryggleik og (fri)tid. To timar til i døgeret til slikt vi sjølve vil og bør gjere, det kan det kome mykje innovasjon, god folkehelse, ny kunnskap, omsorg og gode miljøval ut av.

Sjå bakover. Ser du dei som har kjempa for å betre kåra våre? Dei som har kjempa fram åttetimarsdagen, arbeidarrettar, rett til kvile, ferie og pensjon? Ser du at vi stadig har fått det betre i takt med sterkare rettar for dei mange og ikkje berre nokre få?

Sjå framover. Kva drøymer du om? Kva ynskjer du for deg og dine? Vil du kunne yte nok og nyte meir i ein sunnare balanse med seks timars arbeidsdag? Eller trur du på at du stadig må presse deg meir for å selje meir, produsere meir, tenke, snakke og skrive raskare – at det er slike takter vi og verda treng endå meir av? Treng du meir tid for å kunne sykle til jobb? Til å bli trenar på fotballlaget til yngstejenta? Gjere noko for ungdom som fell utanfor? Delta på dugnad? Nyte epla som heng på treet i hagen?

Å ha arbeid er ein menneskerett. Artikkel 23 sei at «Einkvar har rett til arbeid, til fritt valg av yrke, til rettferdige og gode arbeidsforhold og til vern mot arbeidsløyse». Er fridomen til å velje yrke eigentleg sterk nok? Er terskelen for å skifte yrke låg nok?

Ventar du fortsatte store omveltningar i takt med teknologiutviklinga? Bør vi satse meir på støtte til vidareutdanning? Kva vil skje om vi ein dag kollektivt sluttar å gjere alle arbeidsoppgåver som vi ikkje får betalt for? Kan det hende at vi definerer arbeid som kvalifiserer til inntekt og pensjon for snevert? Bør vi dele endå betre på arbeidsoppgåvene vi har i dag? Rekk vi å sjå opp på og verkeleg vurdere dei ulike maskineria, måla og modellane vi arbeidar med i større samanhengar og fleire perspektiv?

Har du trua på at tida er inne for sekstimarsdagen? Det har eg. Godt val!