Slepp likeverdsprinsippa! Hald rekka!

(Ironivarsel. Innlegget er også skrevet i affekt).

Når mennesker med godt verna menneskerettar, og ein folkerett som har vore respektert dei siste 74 åra, manglar vilje og evne til å forstå og stå opp for palestinarar sine rettar til det same, og i tillegg skal ha det til at menneskerettsaktivistar og bruk av ikkje-valdelege verkemiddel som boikott, deinvesteringar og sanksjonar mot partar som over tid viser sterk uvilje mot å respektere menneskerettar, likeverd og folkeretten – skal hate jødar – kan eg då tenke anna enn at menneskers aksept for brutalitet og urett strekk seg mykje lenger enn empatievna og rettferdssansen?

Eller kan det vere at eg tek grueleg feil?

Er det kanskje slik at menneskerettar berre skal vere for nokre utvalde få, og ikkje for alle mennesker berre fordi vi er mennesker? Då må eg beklage at eg har misforstått dette så lenge eg kan hugse.

Det eg trudde var fredelege og ansvarlege verkemiddel som ikkje ein gong hindrar, men kan fremje meiningsfull dialog for å sikre alle mennesker vern og rettar, kan difor ikkje nyttast. Dei er jo hatefulle og rå. Eg forstår det no. La oss ty til bomber og granatar i staden. Merkava-stridsvogner er fredsbevarande, las eg nyleg ein norsk avisredaktør skrive medan han på okkupert land omfavna ho og knytta og hytta neven mot nokon andre sitt barbari.

I kamp mellom oss og dei kan vi nytte langsam utsvelting på tørt, vått, medisinar, fridom, tryggleik, tru på eige menneskeverd og andre sin gode menneskelegdom til fredsbevaring óg. Trur eg.

Sidan eg har teke pinlege, naive normer og pakter på alvor, og trudd at vi alle er likeverdige mennesker med ansvar og plikter for å ivareta likeverdet vårt, vil eg no love at eg har signert min siste protest, ytra mitt siste ord og gjort mitt siste innkjøp der eg ofrar ein tanke på verknaden vala mine har på menneskerettar. Trur eg.

La oss berre tole så inderleg vel. Vi toler det jo. Vi toler jo dei grusomheitene vi mennesker er i stand til å gjere mot kvarandre. Vi er jo her, heile sju og ein halv milliard av oss, og stadig aukande. Vi, som er dels gode og dels fæle, alle saman – som alltid har vore det, og sikkert alltid vil vere det? Lat oss berre vere. Lat oss berre vere saman reint og rått. Lat oss leike og leve så reint og rått vi kan saman med våre aller likaste, alle saman.

Beklager at eg ikkje har vore rettruande. Beklager at eg sov i timen då vi lærte å rangere menneskeverd. Beklager at eg i vaksen alder har byrja å bråke og mase i timen, og ikkje berre stille har akseptert ei implisitt forståing for dei rå spel som alle med respekt for seg sjølv og sine likaste bør ha.

Eg veit ikkje kvifor eg ikkje fekk med meg den rette trua på at ulike mennesker skal ha ulike standardar. Eg må ha blitt distrahert. Vi hadde ikkje internett eller smarttelefon då eg gjekk barne- og ungdomsskulen. Kva var det då som distraherte meg?

Eg trur eg veit kva det var. Eg hugsar nemleg spesielt godt eitt bilete i ei skulebok. Av mennesker som låg tett i tett i køyesenger. Dei hadde nær sagt berre beingrinda att. Og blikk. Blikk retta mot fotografen. Blikk frå fortida, som traff mitt. Og framleis held det. I all mi eve, trudde eg dei skulle halde det. Men eg forstår at eg lyt freiste å sleppe det no. Eg forstår at mange synest det er best for oss alle at vi ikkje møter og held slike blikk. Best for dei som er akkurat våre sine alle.

Utsvoltne og nær nakne fangar i ein konsentrasjonsleir under nazismen.
Aldri meir for nokon. Ikkje noko i nærleiken av slikt ein gong.

Beklager at eg misforsto og let meg distrahere. Beklager at eg, eit stakkarsleg, enkelt menneske, trudde at eg hadde eit personleg ansvar for å bidra alt eg kan til å sørgje for at ikkje liknande tillaup til eller handlingar skal få skje nokon gong, nokon stad, mot nokon som helst.

Beklager, palestinarar.
Beklager, uhigurar.
Beklager, rohingyas.
Beklager, kurdarar.
Beklager, iranarar.
Beklager, irakarar.
Beklager, afghanarar.
Beklager, homofile.
Beklager, jødar.
Beklager, feiltruande.
Beklager funksjonshemma.
Beklager, alle saman.

Eg har lete meg leie ut i freisting av sekularisme og lovnadar om likt menneskeverd. Eg har lete meg sjølv tru at eg har ansvar for noko større enn mine næraste få. Eg skal aldri kritisere eller forsøke å stanse menneskeskapt pine og urett mot dykk eller nokon andre enn mine aller næraste igjen. Først kan dei i alle fall ta dykk.

Trur eg.


Beklager. Igjen. Eg gjorde det igjen. Eg ytra meg. Og sjølv om eg sa det eg trur de vil høyre, så kjenner eg visst at eg framleis held fast på dumme likeverdsprinsipp i staden for å halde plassen min stille i rekka i flokken min. Eg kjenner at eg framleis trur feil djupt inne i meg ein stad. Barnetru kan sitje hardt i.

Skund dykk! Gje meg eit rapp med linjalen over fingrane med ein gong.

Nei, gje meg to rapp. Eg har jo og vore så dum at eg har trudd at gute- og intersexbarn óg skal ha rett til å behalde heile dei friske kjønnsorgana sine. Nei, berre gje meg tre.

Eller.. Ha! Eg som har investert pengar, krefter og tid i å ta eksamen i noko så naivt som eit masterkurs i næringsliv og menneskerettar óg. I tillegg er eg ein humanist og ateist som trur på nestekjærleik og religionsfridom! Ha! Gje meg berre ti rapp på rappen!

Nei, vent. Sidan eg ikkje har fått eit einaste rapp over fingrane nokon gong før, bør de gje meg tjue, for sikkerheits skuld. Etter tjue rapp med linjalen klarar neppe vonde fingrar og naive tankar å tvihalde på prinsipp og normer om likeverd, tryggleik og fridom for alle lenger. De må slå trua mi om ikkje-vald (utanom til bruk i ekte naudstilfelle) ut av meg. Aksept for liding må vere løysinga. Aksept for risiko og litt svinn av mennesker og menneskerettar.

Eg spelar høgt og risikofullt på ironi no. Bråkar og masar fælt. Eg trur eg er klar til å motta respekt. Respekt for tøff stil framfor min tidlegare naive, barnlege og pinlege innsats for å verne trua på alle mennesker sitt like menneskeverd og våre felles ansvar og plikter for å verne kvarandre, framande som kjende.

Trur eg.