Sponsorat og samvit

Eine året då eg og venane mine i stallgjengen ved Norsk Fjordhestsenter AS på Nordfjordeid skulle delta i noregsmeisterskapen i fjordhest midt på 90-talet ein gong, så tøffa vi oss til slutt opp og gjekk til ein daglegvarebutikk for å spørre om dei ville sponse oss med noko. Butikkeigaren var grei og sa ja. Og mot at butikken fekk plassere logoen sin på treningsdressane våre, så fekk vi lov til å plukke med oss ein god del daglegvarer som skulle halde til reisa vår.

Eg syntest det var flautt å gå til butikken og plukke varene vi meinte vi trong. Men vi tok ei handlevogn og plukka med oss ein god del kneipp, Nugatti, knekkebrød, smør, leverpostei, spaghetti, makaroni, tomatpuré, løk, suppeposar, salt, pepar og liknande. Vi passa godt på for at vi ikkje skulle verke grådige eller altfor glade i det søte. Vi skulle jo trass alt delta i eit noregsmeisterskap.

Eg trur ikkje vi plukka med oss for meir enn litt over tusen kroner. I alle fall var det ikkje mykje over to tusen. Vi vart altså sponsa med rundt eit par hundre kroner kvar. Og treningsdressane våre med logoar på, dei brukte vi nær dagleg i stallen og i alle fall på alle stemner vi deltok på i fleire år. «Lang valuta for sponsorpengane» for butikken.

Sponsinga var åpen – ja, på utstilling i form av logoen på ryggane våre. Lukka sponsing og spandering er verre. Kva skal ein tenke om lærerike seminar som rike og mektige deltakarar ikkje skal få lov til å dele nyss om og kunnskap frå?

Eg og hesten min, Gisle, nokre år etter. Eg med den sponsa klubbjakka på. Den omtala logoen er plassert på ryggen.

Om eller kva butikken tente på akkurat denne sponsinga av oss hestejentene midt på 90-talet er uvisst. Men eg og sponsorar flest vil no tru at ein får noko tilbake i «hard» valuta for slike sponsorpengar. Eg har bachelorgrad i marknadskommunikasjon, så eg kan litt om marknadsføring og sponsing. ROI er sentralt. Det er kort for return on investment. Sjølv om det ikkje akkurat er særleg enkle og klåre reknestykker ein kan setje opp for å måle avkastninga på slik investering nøyaktig, så er sponsorar flest interesserte i estimat på om dei får ordentlege pengar att for pengane og. Ein driv jo butikk.

Det kjentes litt kult å ha ein sponsor i ryggen. Det verka som det var få, om nokon, andre deltakarar i meisterskapen som hadde sponsor. Vi studerte sjølvsagt konkurrentane våre og andre hestefolk nøye. Nokre verka rike på oss. Vi eigde ikkje hestane vi konkurrerte med. Elles var vi nok åleine om å køyre konkurransar i små vogner som tyskarane skulle ha etterlate seg etter krigen. Vognene gjekk under namnet «møkkakjerrer» då nazistane hadde brukt dei til å samle og køyre hestemøkk vekk i. Vi køyrde aldri vekk møkk i vognene. Vi køyrde hestemøkk vekk i trillebår. Historia om slikt som tyskarane etterlet seg på Eid er ei heilt anna historie som eg har kjent mykje på. Beklagar avsporinga.

Etter meisterskapen kjende eg på at vi burde gjere den vesle handlinga vår på akkurat denne daglegvarebutikken som hadde sponsa oss. Det var dessverre ikkje favorittbutikken vår, mest med tanke på kor den låg for tenåringsjenter som mest tok seg rundt anten til fots, på sykkel eller til hest. I lang tid stakk det i samvitet mitt kvar gong vi kjøpte lørdagsgodt og Safari-kjeks ein annan stad som låg nærare og var rimelegare. Eg kjenner ørlite av det same stikket om eg må handle sportsutstyr på ein annan butikk enn den som sponsar IL Bjarg som familien vår er del av no. Ein slik effekt har sponsing på meg. Eg vil vise takksemd og gje noko att til dei som brukar pengar på meg og mine.

Om eg skriv frivilleg filantropi. Kva tenkjer du på då? Eg tenkjer på alt frå menneske som vil gjere noko godt for andre, til omdømebygging, PR og marknadsføring, til menneske som kjøper seg inn for å få utnytte noko eller nokon. Frivilleg filantropi kan vere ein miks av alt dette. Frivilleg filantropi har gjort og vil gjere mykje godt, men slett ikkje alltid berre godt.

Mitt første møte med sponsing gav meg mykje å kjenne og tenke på. Eg kjem definitivt frå ein kultur der vi helst ikkje vil bli påspanderte noko. Og det skuldast ikkje at vi er gjerrige. Men kall det gjerne nøysame. Nøysame og medvitne på at det er ei investering i fridom, tryggleik, rettferd og like mogleikar for folk. Vi vil ta vare på integriteten vår og rettferdige spelereglar som inkluderer og gjer alle like mogleikar.

At noko er såkalla «unorsk» spelar ingen trille. Men at noko er (eller verkar) uetisk gjer. Kva om daglegvarebutikken hadde utnytta arbeidarar og brote arbeidsmiljølova eller noko slikt? Kva ville eg sagt og gjort om eg fekk greie på det? Kunne takksemda over sponsinga kunna påverka meg til å teie om eg fekk greie på noko som var gale?

Når søkkrike folk inviterer til noko og spanderer, så er det som regel folk med meir makt enn dei fleste dei inviterer. Desse har som regel rikeleg med pengar dei og. Men skal vi tru at det ikkje betyr noko for dei å bli påspandert noko? Er dei så annleis menneske enn meg? Kjenner dei ikkje på om dei risikerer å setje seg i ei slags gjeld? Er dei ikkje redde for å korrumpere noko når dei tek i mot noko for små som store verdiar? Berre det å vere saman i ulike samanhengar bind oss og saman, gjer det ikkje? Vi mennesker er vel slik at vi hugsar aller best kjenslene nokon får oss til å kjenne?

Eg har av slike omsyn lukkast med å takke nei til ymse når eg har blitt bydd noko nokre gongar. Men det kan absolutt koste å takke nei. Det har eg merka sjølv. Og eg lurer på om fleire enn ei takka nei til den nye oljefondsjefen Nicolai Tangen sin invitasjon?

Det kan koste og kjennast ubehageleg å få eit nei. Vi mennesker fell ofte lett i ei forneklingsfelle, og tenker lett at dei som ikkje er heilt med oss, dei er sikkert heilt imot oss. 

Å levere eller ta i mot kritikk er heller ikkje lett. Vi ser for eksempel korleis nokre meiner kritikarar av Tangen og deltakarne på arrangementet hans, og kritikarar av hedgefund og såkalla skatteparadis, blir skulda for å vere motiverte av misunnelse framfor at dei er uroa for etikk og korrumperande verksemd og mekanismar. Vi treng transparens og spelereglar som skal sørgje for at ikkje makt, pengar – og kunnskap og – får hope seg opp hjå altfor få. Det er ikkje misunning som gjer det – det er tru på rettferd, omtanke og ansvar.

Skatteparadis for meg er samfunn det er godt å leve i fordi dei er gode på å rettvist krevje inn skattepengar frå personar og verksemder i dei samfunna dei opererer i, alt etter kva ein kan bidra med. Ei rettferdig fordeling av ressursar og rikdom er ein føresetnad for at statar skal kunne beskytte menneskerettar. Og alle verksmeder har ansvar for å respektere menneskeretttar. Frivillig filantropi er ikkje lenger akseptert som nok. Ikkje åleine. Og i alle fall ikkje som fikenblad. At noko blir oppfatta som fikenblad er nok til å svekkje tillit.

Utan tillit til og respekt for kvarandre kjem vi ikkje langt. Det lærer ein godt når ein for eksempel har med hestar å gjere. Ein kan kome eit stykke med pisk og gulrøter, men når ein har gjort seg fortent til ein hest sin tillit, og hesten stolar på at vi forstår den og vil den vel, då blir alt heilt herleg. Med hestar som hadde tillit til oss, kunne vi til og med ri barbak forbi sirkuselefantar. Ikkje utan noko panikk og dramatikk. Det må ha vore ei meir sjokkarta oppleving for hestane å møte elefantar enn om vi mennesker hadde møtt «romvesen», som vi trass alt har førestillingar og ord for.

Møtet mellom fjordingar og elefantar er ei anna historie eg har tenkt mykje på. Hestane trassa sterke fluktinstinkt fordi dei stolte på oss. Vi kunne ikkje kjøpt den tilliten. Vi måtte fortene den ved å over tid vise og bevise at vi var leiarar hestane kunne stole på at ville dei godt og at vi sette dei høg(s)t.

Jomar og «mi» Sølvmøy på tur i ein framand stall på eit stemne eller NM.
Eg og Sølvmøy på NM Fjordhest på Starum hestesenter. Øyrene viser at ho var sterkt innstilt på gnafse i seg alt ho kunne av graset ho står på. Ikkje lett å seie nei. 🙂