Stem for meir demokrati

Eg vaks opp på Nordfjordeid, og har no budd halve livet i Bergen. Eg står på lista til Vestland SV, og har blanda kjensler om det store, nye Vestland fylke. Det er nemleg langt mellom folka mellom fjordane og fjella i Vestland. Heimstadane mine vert nærare samanknytte, men samstundes med at eg gler meg litt over det, opplever eg for eksempel at folk i bydelen min kritiserer sentrumsfokuset til mange politikarar i Bergen. Eg stemmer dels i med kritikarane, og føler med politikarane. Det er krevjande å lytte til og forstå store Bergen, krevjande for folk å bli sett og høyrt over lange avstandar, og krevjande å kjempe blant mange om å kome til orde.

Støtt høyrer vi høgrepartia love større valfridom om vi vel dei. Men det er parti som SV som truverdig vil fordele makt og ressursar jamnare. I kommune- og fylkestingsvalet er det viktig å merke seg at SV vil styrke demokratiet ved å etablere bydelsstyrer med direktevalde representantar, eigne budsjett og mogleikar til å avgjere lokale prioriteringar i byggesaker, velferds- og arealpolitikk.

I tillegg vil SV arbeide for å innføre folkeforslag. Det vil sei at saker som får 50 000 underskrifter frå nordmenn over 16 år, automatisk skal opp til behandling i Stortinget. Slik fordeler vi makt og ressursar enda betre, og let mindre folkestyrer som veit aller best korleis dei har det og vil ha det, få velje og bestemme mykje meir.

I demokrati er det nettopp om å gjere at vi alle må få størst mogleg mogleik til å velje og bestemme. Dersom du er oppteken av at vi fordeler makt og ressursar jamt, og at alle individ skal ha lik verdi, stor fridom og sterk tryggleik, så er det viktig at du tek ansvaret ditt for å delta i demokratiet, og røystar på eit parti som gjev deg og alle andre meir av dette. Bruk vala og makta du har i dag på å styrke vala og makta di der du bur.